søndag 31. august 2008

Nordmannen



Nordmannen
uIvar Aasen (1813-1896)
Fremført av: Bare Egil Band

Millom bakkar og berg ut med havet
heve Nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tufterne gravet
og sett sjølv sine hus oppaa deim.

Han saag ut paa dei steinute strender,
der var ingen, som der hadde bygt.
"Lat oss rydja og byggja oss grender
og so eiga me rudningen trygt."

Og han vandest til vaagnad og møda,
der han laut vera herdig og sterk;
og han høyrer med hugnad ei røda
um stor manndom og dugande verk.

Han saag ut paa det baarute havet;
der var ruskut aa leggja utpaa;
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken den vilde han sjaa.

Kring um dalen sto fjelli som grindar,
men um bergi var grasgrøne band;
der han gjekk millom heidar og tindar,
og der saag han so vidt yver land.

Fram paa vetteren stundom han tenkte:
giv eg var i eit varmare land!
Men naar vaarsol i bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og naar liderna grønka som hagar.
og det lavar av blomar paa straa,
og naar næter er ljose som dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

Sud um havet han stundom laut skrida.
Der var rikdom paa benkjer og bord;
men kringum saag han trældomen kvida,
og saa vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast,
lat deim bragla med rikdom og høgd.
Millom kaksar eg litet kan trivast,
millom jamningar helst er eg nøgd.

Naar han kom paa dei rikaste leider,
saag han tidt at han litet var kjend;
men han visste ein vyrdnad og heider,
som kann bu i den armaste grend.

"Lat deim hava den æra dei kunna.
og sin rikdom og styrke dertil,
naar som berre dei meg vilja unna
at faa raada min arv som eg vil."

Via: Sammensatt

Ingen kommentarer: